Kvifor skal du velge yrkesfag?

Kvifor skal du velge yrkesfag?

For det første: kvifor ikkje? Det er mange oppsider og nesten ingen nedsider ved å velge yrkesfag. Heile landet treng folk som er flinke til ting, og med så mykje forskjellig å velge i er du nesten garantert å finna noko som både A) du synes er kjekt og B) vil gi deg ein godt betalt jobb.

«Yrkesfag er døllt» NEI!!!

Du har kanskje høyrt litt av kvart om yrkesfag, det har i alle fall me. Som ei ekstra samfunnsteneste går me no gjennom dei vanlegaste argumenta folk bruker for å ikkje velge yrkesfag – pluss eit heilt absurd argument me trur ingen har brukt, men ein veit aldri. Så knusar me dei.

  1. Åpne søknadsskjema på Vigo

  2. Logg inn med MinID

  3. Søk

  4. Ikkje heilt sikker? Besøk YSO for oversikt over dei ulike yrkesfaga der me treng fleire folk!

    Søknadsfristen er 1. mars 2024.

Søk læreplass no!

Søk læreplass no!

Skal du søka læreplass?

Lurt! På yso.no finn du oversikt over bedrifter i Sunnhordland som treng lærlingar. Det er ikkje så rett få av dei. Som lærling i Sunnhordland har du mange yrkesretningar å velge i, og alle er både godt betalt og lærerike.

1.
Åpne søknadsskjema
2. Søk plass
hos ein av våre medlemsbedrifter
3. Usikker?
Finn ut meir om livet som lærling her

Søknadsfristen er 1. mars 2024. Og du hugs å registrere søknad VIGO dersom du er VG2-elev.

«Yrkesfag er for skuletaparar»

Blankt nei. Korleis skulle dette henge saman? At dei som held heile infrastrukturen i Noreg i gang skulle på eit vis vera mindre flinke enn sei, ein økonom? Det blir for dumt. Dersom me skal bygge ut vindkraft, bygge klimavenlege bygningar, tenke ut ny teknologi, ta vare på borna våre – rett og slett skapa eit framtidsscenario der me alle har det betre enn i dag – då treng me at fleire folk kan hjelpa oss med grundig fagkunnskap. Færre kvite skjorter, fleire kjeledressar, seier me.

«Går du yrkesfag får du jobb med låg løn»

Alle kan ende opp med låg løn, men det er liten sjanse for det om du velger yrkesfag. Det er fordi me treng så mange fagfolk i så mange ulike disiplinar i heile landet. Det betyr at det er sannsynlig at du får ein jobb når du er ferdig i læretida (og du får forresten løn i læretida og). Det fins plenty folk som har gått fleire år på universitet utan å få jobb etterpå, og då sit du fint i det med tanke på studiegjeld.

«Yrkesfag er for jenter»

Vanlig argument, men faktisk ikkje sant. Ja, jenter gjer det godt i disiplinar som elektronikk, industrirøyrlegging og automatisering, men dette er yrker som like godt passar gutar som jenter. Det er bevist at ein god miks av alle kjønn gir eit betre arbeidsmiljø, og betre resultat av arbeidet. Så me oppfordrar absolutt gutar til å søke på lik linje med jenter!

«Det er betre å gå studiespes først, og så eventuelt studere til å bli ingeniør»

Mogleg vei å gå dette. Det er berre det at dei beste ingeniørane har praktisk kunnskap om faget sitt. Altså, dei har gjerne vore elektrikar først, så har dei studert til å bli ingeniør. Og det kan du gjere mens du jobbar. Det betyr jo at du får betalt mens du utdannar deg, som jo er betre enn å berre punge ut i mange år.

Det er faktisk slik at andre vegen er minst like lur, kanskje lurare. Dersom du tar eit fagbrev får du nesten garantert ein trygg jobb + nyttig kompetanse. Samtidig knusar du opp dørene til videreutdanning, der veiane er mange til målet. Me nemner i fleng påbygg, teknisk fagskule, Y-vegen… er det ingeniør som er målet ditt kan me fortelje at knapt nokon er betre likt enn ingeniørar som veit skilnaden på skiftenøkkel og fastnøkkel.

«Det vil snart landa romvesen på jorda så kva er vitsen?»

Det er ingen garanti for dette, kor sannsynlig det enn verkar. Og dessutan, kva så om romvesen landar og seier hei? Dei treng gjerne jobbar dei og, og stader å bu? Nokon må utdanna seg til å kunne vedlikehalde farkostane deira, og me garanterer at ein elektriker har betre grunnlag for å bli UFO-ingeniør enn ein som har tatt studiespes. Og som turistar flest er nok romvesena interesserte i å teste det lokale kjøkenet, og då er det gode tider for deg som har utdanna deg til kokk. Det er i det heile du som har tatt yrkesfag som står best rusta ved eventuelt utanomjordisk besøk. Meiner no me.